Då eg var liten hadde eg sånn sette-hylle der eg samla mykje rart. Tomine har nok arva same gleda av rottel og tottel. Kjøpte hylle på Søstrene grene, mala den kvit og limte inn dekorark kjøpt same plass. Laga ei lita til Tore i Oslo i same slengen som han fekk til 2-årsdagen!
Denne gang hadde eg lyst på bilstol-pose. Laga same type som vognposen, bare mindre og med hull til selane. Jysla greit å putta lillegutt inni denne, framfor å ta på masse klede :) Laga ein til lille Mari også.
Sidan eg var så godt i seget så ville eg sy ein kjole som eg fant i boka "sikk sakk". Dette er ei bok med tips og idear om kva du kan sy av gamle voksen klede og tøy. Eg tok utgangspunkt i putetrekk kjole enkel kjole med knytingar på skuldrene og som kan brukast lenge.
Eg brukte eit gamalt baby- dynetrekk som oldemor til Tomine har sydd i si tid og pynta med ein blondekant nederst. Veldig enkelt. Så sydde eg ein blomst til håret av same tøy og med ei perla i midten. Kjolen vart innvia i selskap i helga og blomsten falt i smak hjå Tomine.
Har sydd ein jumper til litlå i Jersey stoff. Vart overraska kor enkelt dette var, men måtte øva litt på enkelte saumar på den nye symaskina først. Størrelse 3 år og ser ut som den vil passa ei stund framover. Så laga eg eit par pannebånd av restane.