Sommerdyne, fleece og dynetrekk vart kjøpt på Jysk.
Først vart sommerdyna laga. Sydde kanten før eg klypte, av natulige og fjørlige årsaker.
Fleece og dynetrekk vart deretter klypt ut. Litt utfordring med fleecen som strekker seg den eine vegen, men stabil den andre vegen.
Oppe rundt opningen sydde eg løpegang til snor. Det vart jo ganske tjukt men symaskina takla dette godt.
Snorene vart klypt ut av fleece. Vurderte lenge glidelås, men sidan dette var eit prøveprosjekt så fant eg ut at det vart lettare med snorer.
Og slik vart resultatet etter 4 timar ein fredagskveld som Lakse-enke! Pose som kan brukast på begge sider. Den røde snora og hulla til selen kom omsider på plass, 30 min før søster mi stod på døra etter ein lang kjøretur frå Oslo.
Posen falt godt i smak og som du ser så verte eg tante til ein gut :=) GLEDE!!!!
Nå skal eg sy ein litt større pose til Litlå, til bruk i vogna i barnehagen. Den verte sjølvsagt ROSA!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar