tirsdag 24. mai 2011

Ribbe buksa

Yes! Då var både barnehage og ribbe-buksa i boks! Prøvde den på Litlå i kveld, over pysjen og med ein solid oppbrett på føtene. Buksa vil nok passa godt til hausten og me gledar oss til å ta den i bruk. Som dokke ser så har hu klart å stabla seg opp på føtene og ned i lekekassen i ein alder av 9.5mnd. I tillegg åler ho seg rundt omkring så nå er det snart vekk med dukar og stæsj som er digg for små barnefingrar. Tann #2 kom i dag, au-au.

fredag 20. mai 2011

Bluse med puffermer

Prøver meg på ein bluse fra boka Barn igjen. Kjempe lenge sidan eg har sydd så det verte litt prøving og feiling. Heldigvis har eg symaskin-sertifikat, så det er bare til å gje gass! Manglar bare skråband (som eg har laga sjølv) og strikk i hals og ermar. Symaskinen min som er over 10 år gamal (Bernette) er veldig enkel så eg er litt sugen på ein litt meir nymotens maskin som lagar finare saumar og lettar arbeidet. Nokon anbefalingar?