tirsdag 25. januar 2011

Sybord

Her er sybordet eg falt for på gjenbruken. Har mala det kvit og synst det vart ganske snålt. Strikketøyet er allerede plassert :)









mandag 17. januar 2011

Gjennbruken

Tenkte eg skulle følgja trenden og stikka innom gjenbruken. Eg er på jakt etter tallerk-hylla som skal brukast til bok-hylla på lekerommet, sånn som eg har sett på fleire flotte bloggar. Dette er visst eit svært populært småmøbel for tida så det hadde dei ikkje inne. Derimot var det ein mann som arbeidde der som skulle skaffa meg ei ny tallerk-hylla. Han hadde fått kontakt med ein mann som laga sånne og skulle bestilla 10 stk i dag. Har skrive meg opp i ønskjeboka og venter i spenning på telefon når dei har kome.

Då eg stod i kassen fekk eg auga på eit finurleg bord som eg måtte ta ein nærmare kikk på. Det var eit sybord og same mann på gjenbruken sa at dei var kjempe populære og at dei hadde fått det inn på lordag. Eg er ikkje vanskeleg å be så eg kjøpte med meg dette bordet i håp om at kvit maling gjer underverk! I tillegg fekk eg også kjøpt med meg ein tripp-trapp stol som nettopp var komen inn og verken vaska eller prisa. Nå er den skrubba og klar til henting av bror min som var på leit etter sånn stol!

Må seia meg fornøgd med fangsten i dag og det var spennande å sjå kva dei hadde inne og eg stikker garantert tilbake!

lørdag 15. januar 2011

Skatoll

Då er skatollet ferdig mala og plassert. Har mala 3 strøk med eggehvit, og det vart faktisk ikkje så værst. Skuffene er fylt opp med litt sytøy, fargeblyantar, ark, kontor-rekvisita og andre nødvendige ting og tang.


Inni skatollet er det eit par snåle skuffer og hyller.


Knottane kjøpte eg på Kremmerhuset, og jepp; det er grøne prikkar!

Leggvarmarar #2



Litlå måtte også få seg eit par med leggvarmarar så det var bare å setja i gang.
Desse er ein annan type enn dei førrige. Eg la opp 48 masker på pinne 4 og baby ull. Så strikker ein 3 vrange, 3 rette, 3 vrange osv i 5 omganger. Deretter forskyver du mønsteret med ei maske og strikker 5 omganger før du forskyver med 1 maske igjen osv. På denne måten vert leggvarmaren litt vridd og sitter godt på foten. Fekk sokkar av denne typen som eg både bruker til sokker og votter!

torsdag 13. januar 2011

Give Away

Sjekk ut "Give Away" på Hildemor sin blogg som har nådd 20.000 besøkende!!!! http://www.hildemorsnorre.blogspot.com/
Eg krysser fingrar, tær og fletter for at eg vinner, såg kjempe fint ut :)
Ellers så er det kjempe mange gode mat tips på denne bloggen som er verdt å prøva.

mandag 10. januar 2011

Flotte gaver

Eg må visa dette flotte smykkeskrinet som Tomine fekk til jul av Mormor. Kjempe fint, tusen takk :)


(Eg og syster hamstra mykje porselen på fabrikk-utsalget i Oslo i fjor til Mor sin store fortvilelse. . . . hu får det travelt med alle bestillingane framover! Hehe men då har me jo hjelpt til med fødselsdags- og julegaver)

Eg og Gabriel fekk også kvar vår kose-kaffi-kopp til jul. Store og gode til sofakosen om kvelden :) (så kan det nevnast at eg har blitt ein kaffi-light-drikker etterkvart)



Tilslutt må eg visa skoen også frå Mormor. Ho har mala sko til alle ungane, tante-ungar og tanteunge- ungar i familien. Så siste sko er nok ikkje mala endå!

søndag 9. januar 2011

Leggvarmarar

Har nettopp strikka eit par med leggvarmarar i babyull (med dobbel tråd). Desse skal me gje i gave til ei lita prinsesse, men først må eg snik-prøva om dei passer. Eg la opp 40 masker på pinner 4. Så fekk eg brukt navnebanda mine som har lege i skuffa i over 1 år :) kult det.