mandag 2. juli 2012

Neste prosjekt

Mitt neste prosjekt er ei lyseblå-kåpe til Tomine. Falt for denne som eg fant i utklipps-permen min. Denne er strikka i PT3 garn, pelsgarn og effektgarn. Har såvidt begynt, og det var igrunnen litt avansert mønster som består av både mønster og fargestriper som skal følgjast samtidig. Trur eg har funne ut korleis det funker, så får me sjå koss det utviklar seg. Ein ting er sikkert, eg bør vera minst 80% vaken når eg held på med dette, ellers så går det i surr. Så tenkjer det vil ta si tid sidan eg snart vil befinna meg djupt inni ammetåka!!


Barselgave

Sydde ein bilstol-pose til "Faster" sin baby. Valgte grøn fleece sidan me ikkje veit om det verte jenta eller gut. Denne posen er lik den eg har sydd til meg sjølv, men unntak av fleecen som er ein annan farge :)
Førrige gong hadde eg ikkje slik pose, men trur det skal verta kjempe greit. Så slepp ein å stressa på med jakke/ kjøredress på små babyar.