Viser innlegg med etiketten Maling. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Maling. Vis alle innlegg

mandag 10. januar 2011

Flotte gaver

Eg må visa dette flotte smykkeskrinet som Tomine fekk til jul av Mormor. Kjempe fint, tusen takk :)


(Eg og syster hamstra mykje porselen på fabrikk-utsalget i Oslo i fjor til Mor sin store fortvilelse. . . . hu får det travelt med alle bestillingane framover! Hehe men då har me jo hjelpt til med fødselsdags- og julegaver)

Eg og Gabriel fekk også kvar vår kose-kaffi-kopp til jul. Store og gode til sofakosen om kvelden :) (så kan det nevnast at eg har blitt ein kaffi-light-drikker etterkvart)



Tilslutt må eg visa skoen også frå Mormor. Ho har mala sko til alle ungane, tante-ungar og tanteunge- ungar i familien. Så siste sko er nok ikkje mala endå!

tirsdag 2. februar 2010

"Funkis" maling

Somaren 2009 var eg på besøk hjå systar mi i Oslo. Etter ein tur på Søstrene Grene for å kjøpa nødvendig materiell, sette me i gang med å mala. Eg er ikkje heilt på det abstrakte nivået endå, så eg måtte miksa med noko som eg ser kva er. Resultatet vart eit "funkis" hjarta i knalle fargar. Då eg kom heim så mala eg eit hjarta til men med motsatte farger, dette synst eg sjølv er finast. Har hengt dei på soverommet og saman med rødt sengesett og røde lys så friskar det jammen opp! (Sitat Gabriel: kæ så skjer? ) hehe, bedøm sjøl!

Gamle oljemaleri

Her er mine første (og mest sannsynleg siste) oljemaleri. Desse mala eg i 1998-1999 då eg var ung og entusiastisk! Mor har anbefalt meg å gå på teiknekurs for å læra å teikna i perspektiv og størrelser og med skygger, noko eg ikkje har fått tid til endå. Men det hadde nok vore nyttig og lærerikt. Føreløpig så er eg veldig tilfreds med at Mor maler fantastisk flotte bilder som eg "låner". Så får me gavekort til jul og fødselsdager som skal løysast inn i bilder, JIPPI! Kjempe kjekt å ha bilder av na Mor, STOR verdi for meg :)



Det første bildet er frå Breivik i Vindafjord.
Utsikten er i frå stovevinduet til Mormor og Morfar.
Dette er eg mest fornøgd med sjølv.




Neste bilde er malt etter ein kalender eg fekk
av 4H-vertsfamilien min i Hope, North Dakota.
Solsikke eng som var typisk for dette området.









Neste bilde er eit fantasi-bilde frå stranda.

Far synst det likna ei damerumpe! hehe