lørdag 23. juni 2012

Barselgave

Ikkje alle har "lurt" inni magen, så då verte det dobbelt arbeid for andre! Me venter på Faster som snart har termin, men klarer ikkje heilt å tippa farge 100%. Så då har eg sikra meg med både lyseblått og lyserosa! Laga også ein søt gavepose. Settet er strikka av Dale Baby Ull, kjempe mjukt og deilig.



( Har også laga andre ting i det sista, men av naturlige årsakar kan eg ikkje visa dette endå. . . . .  )


torsdag 7. juni 2012

Støvlett-haldarar

Fekk tips av ei forenings-veninna om desse støvlett-holdarane. Oppskrifta hadde ho funne her framgangsmåte
På førrige HA-treff så sydde eg eit par av reste-stoff etter den sista taska. Framgangsmåten var lett og forstå, men eg var litt i farten så litt feil-sying og spretting vart det. Resultatet vart eg fornøgd med og tipper at eg snart lager fleire sett. Ein veldig praktisk ting å ha for å sleppa støvlettar som ligg på golvet og verte stygge. 
Dette første paret hadde eg på førehand bestemt meg for å gje til ei god veninna. Håpar dei falt i smak og at støvlettane held seg fine.