onsdag 29. februar 2012

Barne-lampe

Den kjekke elektrikaren i huset har montert lampa på Tomine sitt rom, jippi! Eg synst den vart kjempe kul og svara til forventninga. 3 store lyspærer som gir bra med lys, sjølv om rommet er ganske stort. Skal i tillegg ha lese-lampe over senga, men den har eg ikkje funne endå. Kunne også tenkt meg sånn "figur"-nattlampe, men det er vel ikkje så lurt å byrja med nattlys om det ikkje er nødvendig?






Nå er det IKEA garderobe-skapet som står for tur samtidig med maleprosjekta. Senga er nesten ferdig, bare skuffa manglar maling. Har leita lenge etter gardin, men har ikkje funne noko passande endå. Tips mottas med takk :)

søndag 19. februar 2012

Prosjekt barnarom

Endeleg er me så smått i gang med rommet til Tomine. Har vore tiltak å byrja men nå er taket og vindua mala kvitt. Då me bygde så var det tvilsomt malt huntonitt-panel på markedet, noko som hadde spart oss for MØJE arbeid sidan me nå vil ha det mesta kvitt og ikkje panelfarga.
Eg har brukt kvistlakk og 3 strøk med Infra Sperregrunning. Dette er igrunnen ei grunningsmaling men han på butikken tipsa oss om å ta i farge (eggekvit) så trong ein ikkje anna maling til toppstrøk. Malinga er passe matt/blank så heilt perfekt!


Den gamla senga mi på bildet skal malast kvit og tas i bruk nå. Tomine hoppar ut av sprinkelsenga og forlanger å sova i stor seng. Det har gått greit til nå så trur hu er gamal nok til stor seng og stor dyna.



Kjøpmannsdisken kjøpte eg for mange herrens år sidan. Den skal eg også mala kvit og ha i loftstova til kontorting og skrivesaker.

Rommet er ganske stort så det skal ikkje stå om plassmangel. Har nokre planar og idear om korleis det skal verta, men som vanlig Ting Tar Tid! Har bestilt kul lampe frå Oslo som me venter på. Ellers så må eg snart til Ikea og få heim garderobe.


Den nye symaskina mi syr for tida på vranga så den må fiksast fort og gale. Det verte ein del syprosjekt både til meg og Tomine, klær og interiør :)