tirsdag 14. desember 2010

Oppussings prosjekt

Eg har eit par oppussings-objekt:

Det første er eit gamalt skatoll etter Farfar som ingen såg syn på. Veit ikkje kven som har laga det men det er av solid tre med finèr kun på framsida av luka. Dette skal eg mala kvitt og ha inne på rommet i stova. Planen er å ha litt av mine hobby syssler i denne for å ikkje rota så forferdelig på stovebordet (til Gabriel sin STORE fortvilelse). Skal kjøpa meg porselensknottar og håpar at dette klenodiet kan verta kul og brukarvennlig.




Neste objekt er min kjære gyngestol. Den bærer STORT preg av flittig bruk så denne treng eit oppløft før Litlå skal ta den i bruk.
Bilder av resultata skal eg leggja ut for bedømming :)


mandag 13. desember 2010

Lekerom

Eit av dei mange prosjekta mine i permisjonen er å laga til lekerom i 1.etasje. Noko eg trudde skulle gå rimelig kjapt, men som viser seg å gå mykje seinare enn eg først hadde trudd. Det er meir travelt med ein baby i huset enn eg først såg føre meg, hehe :) Men nå er eg godt i gang og me har fått tapetsert den eine veggen med ein verkeleg blomstrete tapet. Den føste tapeten eg tok ut var utgått, skikkeleg dumt for den passa perfekt. Men eg er ganske fornøgd med erstatninga for eg likar godt grønt og grønt skal jo både vera ein harmonisk og rolig farge. Lekerommet skal også brukast som gjesterom så derfor vart det ikkje barnatapet.
I tillegg har me fått mala taket kvitt (kvistlakk og 3 strøk med sperre-grunning) så nå er det lyst og fint.

På golvet har me jatoba parkett som også har fått seg eit strøk med olja. Det trongst og det vart meir liv i parketten som var temmelig matt og inntørka! Husker nå at den skulle oljast 1 gong i året til den var metta. . . . . hm fort så me gløymer!


fredag 5. november 2010

Barnadåp




Då er barnadåpen overstått og me hadde ein kjempe kjekk dag i lag med heile familien på 32stk. Sidan me har verdens beste "Faster-kokka" så kunne eg kosa meg med pynten.


Eg og søster shoppa blomar og laga 4 store blomsteroppsatsar. Me har liten erfaring men vart veldig fornøgd. Valgte kvite og rosa roser og ellers kvite, rosa og lilla farger. Dei flotte vasane har me lånt av Jette :) Ellers pynta me med litt konfetti og dikt på bordet.

Så pynta eg nokre kubbelys på speglplate og hadde blomar i sølvskoa til Gabriel (hans første sko).







Serviettane er kjøpt på kremmerhuset og bretta som ei lotus-rose. I serviettane la me lovehearts med personleg preg! (bestilt fra lovehearts.com, rask levering!)

tirsdag 5. oktober 2010

Sølvsmykker

Tenkte eg skulle knipsa nokre av sølvsmykkene. Dette lærte eg i Nordsjøen, nærmare bestemt Snorre TLP, der det var ein eigen sølvklubb. Her sat mannfolka flittige kvar ein kveld og laga smykke til sine kjære heima. Det same gjorde eg og Gabriel fekk det førsta smykket eg laga i Kongemønster og 1mm tråd.


Det krevst både tålmodighet og nøyaktighet når ein skal laga denne type smykker. Først skal ein spola sølvtråd til ein "spiral" som ein deretter sager opp til små sølvringar. Desse ringane vert så pusla saman til ulike mønster. Ulike mønster bruker ulike forholdstal mellom tråd- tjukkelse og diameter på ringane. Tilslutt vert smykket finpussa i poleringsmaskinen.

Fra venstre: armband i Brynje, armband i rund Brynje, armband i Fiskebein og innslag av oksidert sølv, så smykke i eit mønster eg ikkje hugsar namnet på, og så tilslutt eit smykke i Kongemønster.

fredag 24. september 2010

Bamsedress

Kosedress til kalde haustdagar og vinter. Fekk låna mønster og modell av ei foreningsveninna. Har vore ferdig ei stund og fant den bak sofaen under opprydding. Reknar med at den passar om ein månad eller to. Trur den verte god som kjøredress; ut og inn av bilen og huset :) Far i huset lurte på om eg skulle laga øyrene også. Såklart! Det er jo heile sjarmen med dressen :)

onsdag 15. september 2010

Kosedress frå Mormor

Til jul i fjor ga eg Mor ei gåve beståande av garn og mønster på ein kosedress. Men ho tok ikkje hintet at dette skulle vera til litlå mi! Så før "Mormor" reiste heim julekvelden måtte eg sørgja for at hu fekk med seg denne nyheten, hehe, som vart møtt med stor begeistring! "Mormor" hadde ikkje så stor tru på at hu skulle få til denne, men nå er den ferdig og resultatet vart kjempe flott. Mest fornøgd var hu med knappane :) Tusen takk, gledar meg til å bruka denne på Litlå!























mandag 26. juli 2010


Har blitt inspirert av Flittige-Eline (Fargebarn.blogspot.com) som lånte meg mønster til barneklede ein kan sy sjølv. Etter å ha brukt ein kveld på å studera mønsterarket (som for meg var nytt og avansert) og bladd i gjennom boka, så var eg klar til ein liten sy-test i dag. Eg har symaskin-sertifikat frå barnaskulen så veldig spent på om det framleis er gyldig.

Eg fant fram nokon gamle dynetrekk frå Mor, ein gamal kvit bluse og klypte opp delene. Dynetrekket var litt for smalt så eg måtte skøyta både framstykket og bakstykket på midten, men pytt-pytt! Eg veit ikkje korleis ein syr kantbånd rundt sele-hempene utan krøll så eg kutta ut det i første omgang. Må tørr-trena litt på knapphull før eg syr på sjølve kjolen.

Dette var jo kjempe enkelt og ga absolutt meirsmak. Neste test vert trulig ei selebukse, men då må eg nok ut og kjøpa noko kult stoff!

onsdag 21. juli 2010

Mens me venter


Å ha permisjon kan faktisk vera ein tålmodighetsprøve. Strikkepinnane sette avgårde i galopp og nå har eg denne kjolen i størrelse 1-1.5 år. Men nå må eg finna meg eit nytt prosjekt . . . til Gabriel sin store fortvilelse . . .

lørdag 3. juli 2010

Kjole til odelsjenta på Tekse




Jippi, eg har blitt tante igjen og kjolen vart akkuratt klar i tide! Kjolen er strikka i baby-ull og med dobbel tråd. Størrelsen er 1,5 år så håpar at den kan brukast ei god stund. Vert fint med kvit jumper og strømpebuksa til. Eg skal laga ein til, sånn at jentene våre kan vera tvillingar!


fredag 21. mai 2010

Kjole






I Oslo fekk eg teke bilder av noko eg har strikka til jentene.


Då eg fekk vita at eg skulle verta Mosti for første gong så tok eg ein rå-sjangs og strikka ein søt liten kjole. Marianne synst eg var vågal, men eg hadde flaks og nå har den blitt godt brukt til begge Oslo-jentene.








Dette er nok favoritt jakka mi. Strikka med dobbel babyull tråd og i fargane kvit og grønt, som eg likar veldig godt. Jakka har praktisk glidelås, stor hette og er mjuk og god. Den er enkel å stikka og ein kan lett sløyfa hetta om ein vil.














Denne kjolen plukka Marianne ut til eldsta jenta. Den er strikka i bomullsgarn og i flott blåfarge som passa perfekt til lyse jenter. Borda nede er brodert med tråd og perler. Nå er den gått i arv til minstejenta.


Fleire tøfler


Her er Oslo-tøflene. Jentene lurte på kvifor dei hadde anti-skli og ikkje Marianne. Så neste par vert utan antiskli sånn dei kan susa over parketten etter eiget ønskje!


tirsdag 23. mars 2010

Tova tøfler


Mønsteret til desse tøffe tøfflusane har eg fått hjå Marita. Laga 6 par som eg ga vekk jula 2008. Ellers så er dei veldig raske å laga til for eks. sengegave. Tover dei med grønnsåpa, 60 grader og vanleg vaskeprogram. Når dei skal vaskast i etterkant må ein strekka dei litt før dei tørke slik at dei ikkje krymper så mykje. (mine er ikkje heilt nyvaska på bildet. . .)


onsdag 17. mars 2010

Se min kjole!


3 spanande dagar med OL var tida eg trong for å laga denne rosa kjolen! Oppskrifta var opprinneleg til 1 år så eg måtte triksa og miksa for å få den minst mulig. Veldig lett kjole også for nybjynnarar!

torsdag 4. februar 2010

Broderi

Desse bilda ga eg til Edgeir jula 2004.



Hapiness var eit veldig morsomt og mykje brukt ord både før og etter turen til Beijing, Kina. Håpar dette er eit fint minne for tur-arrangøren "Rockereiser".

tirsdag 2. februar 2010

Meir stikking . . .

Denne røde jakka skulle eg gje til Ane jula 2007. Men etter "snik-prøving" så fant eg ut at den var for liten. Passa akkuratt men ville fort verta for liten. Nok ei erfaring over at størrelsane ikkje alltid stemmer. Jakka får eg ha på lager.









Denne dressen synst eg er kul. Passer til 1-2 år. Både Lene og Ane har brukt denne, sjølv om den kanskje er litt gutt? Dressen er like fin endå for Marianne kan vaska klede!






Dette settet strikka eg i fjor vinter då eg kjeda meg. (må jo alltid ha noko på gang!) Valgte andre farger enn i oppskrifta for ofte synst eg at fargane kan vera knalle eller ikkje passer. Denne kan vertfall brukast til både gutar og jenter :) Må sy inn ein elastisk strikk i nedre kant av jumperen for den krøller seg sånn. Hadde eg visst det så skulle eg ha laga ein annan kant, men det er for seint nå. Det var også ei kul hua som høyrde til, må strikka den også.


"Funkis" maling

Somaren 2009 var eg på besøk hjå systar mi i Oslo. Etter ein tur på Søstrene Grene for å kjøpa nødvendig materiell, sette me i gang med å mala. Eg er ikkje heilt på det abstrakte nivået endå, så eg måtte miksa med noko som eg ser kva er. Resultatet vart eit "funkis" hjarta i knalle fargar. Då eg kom heim så mala eg eit hjarta til men med motsatte farger, dette synst eg sjølv er finast. Har hengt dei på soverommet og saman med rødt sengesett og røde lys så friskar det jammen opp! (Sitat Gabriel: kæ så skjer? ) hehe, bedøm sjøl!

Gamle oljemaleri

Her er mine første (og mest sannsynleg siste) oljemaleri. Desse mala eg i 1998-1999 då eg var ung og entusiastisk! Mor har anbefalt meg å gå på teiknekurs for å læra å teikna i perspektiv og størrelser og med skygger, noko eg ikkje har fått tid til endå. Men det hadde nok vore nyttig og lærerikt. Føreløpig så er eg veldig tilfreds med at Mor maler fantastisk flotte bilder som eg "låner". Så får me gavekort til jul og fødselsdager som skal løysast inn i bilder, JIPPI! Kjempe kjekt å ha bilder av na Mor, STOR verdi for meg :)



Det første bildet er frå Breivik i Vindafjord.
Utsikten er i frå stovevinduet til Mormor og Morfar.
Dette er eg mest fornøgd med sjølv.




Neste bilde er malt etter ein kalender eg fekk
av 4H-vertsfamilien min i Hope, North Dakota.
Solsikke eng som var typisk for dette området.









Neste bilde er eit fantasi-bilde frå stranda.

Far synst det likna ei damerumpe! hehe



mandag 1. februar 2010

Bilde


Mala dette bildet til Jette (jula 2009). Grønt er jo yndlings-fargen hennar og eg tok ein sjangs. . . . om det ikkje falt i smak så er det open retur! Det vart ikkje heilt sånn som eg først planla, men det er vel det som er sjarmen med å mala bilde, at det endrar seg undervegs. Ikkje heilt sjangeren til Mor då, men ein start :)
Denne kallar eg "Orre-jakka". Fant eit gamalt mønster hjå svigermor og Gabriel hadde ei slik jakke i blått og kvitt då han var liten, "Nærbø-jakka"? Veldig kjekk å laga for ein strikker i striperetninga, sånn på langs. Jakka vart veldig liten så den passer vel best til ei dukke :)
Dette settet er 0-3 mnd og snart ferdig. Brun bukse og off-white jakke med mønster. Jakka var ganske potlete men vart veldig fin. Den siste armen er ferdig men ikkje montert på. Tenkte eg skulle finna brune eller treknappar m/trykk. Har planar om å strikka off-white sokkar, men sokkar er eg slettes ikkje flink til. . . .


Strikke-dilla

Som sikkert dei fleste veit så har eg 10 aktive fingrar som ikkje held ro før eg stuper i seng. . . .
Har strikka, mala og sydd ganske mykje, så tenkte at eg skulle foreviga dette på bloggen, før eg gløymer kva eg har laga. Det einaste som manglar er litt "orden i sysakene" men er på god vei.