mandag 26. mars 2012

Vår-huer

Nye huer vart laga på sist HA-teff og dagen etter.

lørdag 24. mars 2012

Taska # 2

Laga ei taska til Mor til ho fylte året. Tøyet her er frå eit gamalt omslagsskjørt som eg trudde hadde vore Mor sit, men det viste seg å vera fra Moster til Mor, og fadderen min. Uansett, eg synst mønsteret var kult og egna seg bra. Taska falt godt i smak og er då ei mimre-taska om Moster-Gunn :)



torsdag 22. mars 2012

Sandkasse

Det nærmar seg vår og sommar og då må sandkassen vera klar! Jordbær- og grønnsak-hagen måtte derfor vika plass for ein STOR sandkasse, etter krav fra hu Farmor. Hu meiner at ein sandkasse aldri kan verta for stor! Husker ikkje heit måla, men hus-ingeniøren rekna ut at me trong 1.5 kubikk med sand.





Sandkassen består av 2 stk ramer av imprignerte stokkar oppå kvarandre. På endane er det tversliggjande bord til å sitja på. Ikkje noko rusk når Far i huset set i gang!







Innvielse av sankassen ein kald ettermiddag. Jentå var veldig fornøgd og gledar seg til besøk av store og små! (og hu Mor ser føre seg å sitja i solstolen medan litlå leikar i sanden!)

onsdag 21. mars 2012

Veske

Eg kom over ei flott oppskrift på ei veske (taska) på denne bloggen




oppskrifta er veldig detaljert så det var ingen problem med å følgja med og få sydd saman. Likte formen godt.


Syster mi fylte XX antal år i mars så tenkte eg skulle overraska ho med ei særprega taska. Eg har brukt eit svart/kvitt stoff frå IKEA (tjukt og slitesterkt)og eit gamalt dynetrekk til syster mi (og som ho trulig trur er kasta). Sidan dette er første prøveprosjekt med den kjekke nye symaskina mi, så måtte eg sjølvsagt skriva ein personleg tekst på veska. Hadde diverse problem med at maskinen skreiv på vranga men etter tlf til Danmark vart dette fiksa med diverse småjusteringar av under- og overtråd og trådstraming.



Eg laga 1 stor lomme og 2 små lommer på innsida + ein hank til nøklar og diverse. Resultatet kan du sjå her, ikkje så værst?



Responsen var god og taska falt i smak. Svogeren min kjente igjen dynetrekket (før syster mi) for det hadde faktisk vore hans, og det var kun til låns! Hehe, så eg tilbydde eit enkelt dynetrekk i retur sidan dette opprinneleg var eit dobbelt. Ekstra løye var det då syster mi oppdaga at dette var det første dynetrekket ho overnatta i lag med mannen sin, hehe! Og derfor har taska fått navnet "Mimre-taskå".