torsdag 18. august 2011

Vogn-pose

Då har eg endeleg fått sydd vogn-posen til Tomine. Kjøpte prinsesse dynetrekk på KID, sommer-dyne og fleece. Gjekk i gang med å klyppa til dynetrekket, men vart ikkje fornøgd med utsèende, ei halv prinsesse klypt av på midten! Brukte den andre sida av dynetrekket og då fekk eg ei heil prinsessa på den eina sida og ein søt sommarfugl på den andra sida. Då såg det straks litt meir planlagt ut.




Sidan eg ikkje lagar hull for selar, så er planen å byta ut sommer-dyna med dun-dyna når kuldegradene dukker opp. Så gjenstår det bare å sjå om Prinsesså mi vil sova i posen!

søndag 7. august 2011

Pose til bilstol

Nå som me har bytta til neste bilstol så er det på tide å levera tilbake det me har lånt av søster. Bilstolen skal nemlig snart i bruk igjen og då hadde eg lyst å kjøpa ein bilstol-pose som takk for lånet. Tenkte det kunne vera nyttig i Oslo der det lange og kalde vintrar. Etter litt surfing på nettet så endte eg heller opp med sy- oppskrift.

Sommerdyne, fleece og dynetrekk vart kjøpt på Jysk.


Først vart sommerdyna laga. Sydde kanten før eg klypte, av natulige og fjørlige årsaker.


Fleece og dynetrekk vart deretter klypt ut. Litt utfordring med fleecen som strekker seg den eine vegen, men stabil den andre vegen.


Oppe rundt opningen sydde eg løpegang til snor. Det vart jo ganske tjukt men symaskina takla dette godt.


Snorene vart klypt ut av fleece. Vurderte lenge glidelås, men sidan dette var eit prøveprosjekt så fant eg ut at det vart lettare med snorer.


Og slik vart resultatet etter 4 timar ein fredagskveld som Lakse-enke! Pose som kan brukast på begge sider. Den røde snora og hulla til selen kom omsider på plass, 30 min før søster mi stod på døra etter ein lang kjøretur frå Oslo.



Posen falt godt i smak og som du ser så verte eg tante til ein gut :=) GLEDE!!!!
Nå skal eg sy ein litt større pose til Litlå, til bruk i vogna i barnehagen. Den verte sjølvsagt ROSA!