fredag 5. november 2010

Barnadåp




Då er barnadåpen overstått og me hadde ein kjempe kjekk dag i lag med heile familien på 32stk. Sidan me har verdens beste "Faster-kokka" så kunne eg kosa meg med pynten.


Eg og søster shoppa blomar og laga 4 store blomsteroppsatsar. Me har liten erfaring men vart veldig fornøgd. Valgte kvite og rosa roser og ellers kvite, rosa og lilla farger. Dei flotte vasane har me lånt av Jette :) Ellers pynta me med litt konfetti og dikt på bordet.

Så pynta eg nokre kubbelys på speglplate og hadde blomar i sølvskoa til Gabriel (hans første sko).







Serviettane er kjøpt på kremmerhuset og bretta som ei lotus-rose. I serviettane la me lovehearts med personleg preg! (bestilt fra lovehearts.com, rask levering!)

tirsdag 5. oktober 2010

Sølvsmykker

Tenkte eg skulle knipsa nokre av sølvsmykkene. Dette lærte eg i Nordsjøen, nærmare bestemt Snorre TLP, der det var ein eigen sølvklubb. Her sat mannfolka flittige kvar ein kveld og laga smykke til sine kjære heima. Det same gjorde eg og Gabriel fekk det førsta smykket eg laga i Kongemønster og 1mm tråd.


Det krevst både tålmodighet og nøyaktighet når ein skal laga denne type smykker. Først skal ein spola sølvtråd til ein "spiral" som ein deretter sager opp til små sølvringar. Desse ringane vert så pusla saman til ulike mønster. Ulike mønster bruker ulike forholdstal mellom tråd- tjukkelse og diameter på ringane. Tilslutt vert smykket finpussa i poleringsmaskinen.

Fra venstre: armband i Brynje, armband i rund Brynje, armband i Fiskebein og innslag av oksidert sølv, så smykke i eit mønster eg ikkje hugsar namnet på, og så tilslutt eit smykke i Kongemønster.

fredag 24. september 2010

Bamsedress

Kosedress til kalde haustdagar og vinter. Fekk låna mønster og modell av ei foreningsveninna. Har vore ferdig ei stund og fant den bak sofaen under opprydding. Reknar med at den passar om ein månad eller to. Trur den verte god som kjøredress; ut og inn av bilen og huset :) Far i huset lurte på om eg skulle laga øyrene også. Såklart! Det er jo heile sjarmen med dressen :)

onsdag 15. september 2010

Kosedress frå Mormor

Til jul i fjor ga eg Mor ei gåve beståande av garn og mønster på ein kosedress. Men ho tok ikkje hintet at dette skulle vera til litlå mi! Så før "Mormor" reiste heim julekvelden måtte eg sørgja for at hu fekk med seg denne nyheten, hehe, som vart møtt med stor begeistring! "Mormor" hadde ikkje så stor tru på at hu skulle få til denne, men nå er den ferdig og resultatet vart kjempe flott. Mest fornøgd var hu med knappane :) Tusen takk, gledar meg til å bruka denne på Litlå!























mandag 26. juli 2010


Har blitt inspirert av Flittige-Eline (Fargebarn.blogspot.com) som lånte meg mønster til barneklede ein kan sy sjølv. Etter å ha brukt ein kveld på å studera mønsterarket (som for meg var nytt og avansert) og bladd i gjennom boka, så var eg klar til ein liten sy-test i dag. Eg har symaskin-sertifikat frå barnaskulen så veldig spent på om det framleis er gyldig.

Eg fant fram nokon gamle dynetrekk frå Mor, ein gamal kvit bluse og klypte opp delene. Dynetrekket var litt for smalt så eg måtte skøyta både framstykket og bakstykket på midten, men pytt-pytt! Eg veit ikkje korleis ein syr kantbånd rundt sele-hempene utan krøll så eg kutta ut det i første omgang. Må tørr-trena litt på knapphull før eg syr på sjølve kjolen.

Dette var jo kjempe enkelt og ga absolutt meirsmak. Neste test vert trulig ei selebukse, men då må eg nok ut og kjøpa noko kult stoff!

onsdag 21. juli 2010

Mens me venter


Å ha permisjon kan faktisk vera ein tålmodighetsprøve. Strikkepinnane sette avgårde i galopp og nå har eg denne kjolen i størrelse 1-1.5 år. Men nå må eg finna meg eit nytt prosjekt . . . til Gabriel sin store fortvilelse . . .

lørdag 3. juli 2010

Kjole til odelsjenta på Tekse




Jippi, eg har blitt tante igjen og kjolen vart akkuratt klar i tide! Kjolen er strikka i baby-ull og med dobbel tråd. Størrelsen er 1,5 år så håpar at den kan brukast ei god stund. Vert fint med kvit jumper og strømpebuksa til. Eg skal laga ein til, sånn at jentene våre kan vera tvillingar!