tirsdag 24. mai 2011

Ribbe buksa

Yes! Då var både barnehage og ribbe-buksa i boks! Prøvde den på Litlå i kveld, over pysjen og med ein solid oppbrett på føtene. Buksa vil nok passa godt til hausten og me gledar oss til å ta den i bruk. Som dokke ser så har hu klart å stabla seg opp på føtene og ned i lekekassen i ein alder av 9.5mnd. I tillegg åler ho seg rundt omkring så nå er det snart vekk med dukar og stæsj som er digg for små barnefingrar. Tann #2 kom i dag, au-au.

fredag 20. mai 2011

Bluse med puffermer

Prøver meg på ein bluse fra boka Barn igjen. Kjempe lenge sidan eg har sydd så det verte litt prøving og feiling. Heldigvis har eg symaskin-sertifikat, så det er bare til å gje gass! Manglar bare skråband (som eg har laga sjølv) og strikk i hals og ermar. Symaskinen min som er over 10 år gamal (Bernette) er veldig enkel så eg er litt sugen på ein litt meir nymotens maskin som lagar finare saumar og lettar arbeidet. Nokon anbefalingar?

torsdag 24. mars 2011

Mens me venter på bhg-plass

Nå venter me i spenning på svar fra barnehagen. Kjenner at eg er ganske nervøs og bekymra for om me får plass der me har søkt. Ferie- og vidare permisjons planlegging står på vent til me får svar. Men bhg-plass er me jo garantert så ingen vits i å venta med ribbebuksa! Dei med erfaring seier at desse er knallgode å ha i barnehagen, under kjeledressen om vinteren, ute om våren osv. Trudde at dette var eit evighetsarbeid, men bjynne og sjå slutten nå. Har valgt fargestriper i garnet Silja og pinner nr 3. Størrelsen er 2 år men ser at den sikkert kan brukast før 1 år og til den ikkje passer lenger, veldig god stretch :)

mandag 7. mars 2011

Jente lue

Har endeleg fått strikka jentelua som høyrde til dette strikkesettet. Husker ikkje kva størrelse dette settet er men det passar jo allerede! Synst lua var kul og sat kjempe godt. Det er ribbestrikk innerst i kanten så då er det bra med stretch og reknar med at den passar lenge. Modellen min stilte meir enn gjerne opp for å visa koss antrekket vart :)

mandag 14. februar 2011

Baby sokker #2



Neste par ut er kvite. Dei har vanleg vrangbord med hekla musetaggar på toppen, resten av sokken er lik dei rosa. Kanskje desse passar best til gutte-babyar i staden for dei rosa med hullmønster? Fine vart dei og svisj ned i sybordet mitt :)

tirsdag 8. februar 2011

Baby sokker

Det er baby-boom i vennekretsen vår i år så det er bare til å finna fram strikkepinnana! Fant eit utklipp frå eit gamat ukeblad med 3 ulike mønster på babysokkar. Eg synst denne typen sokkar er veldig gode og bruker dei til Tomine (6mnd) endå, så det er god strekk! Første par ut er rosa.

tirsdag 25. januar 2011

Sybord

Her er sybordet eg falt for på gjenbruken. Har mala det kvit og synst det vart ganske snålt. Strikketøyet er allerede plassert :)