lørdag 23. juni 2012

Barselgave

Ikkje alle har "lurt" inni magen, så då verte det dobbelt arbeid for andre! Me venter på Faster som snart har termin, men klarer ikkje heilt å tippa farge 100%. Så då har eg sikra meg med både lyseblått og lyserosa! Laga også ein søt gavepose. Settet er strikka av Dale Baby Ull, kjempe mjukt og deilig.



( Har også laga andre ting i det sista, men av naturlige årsakar kan eg ikkje visa dette endå. . . . .  )


torsdag 7. juni 2012

Støvlett-haldarar

Fekk tips av ei forenings-veninna om desse støvlett-holdarane. Oppskrifta hadde ho funne her framgangsmåte
På førrige HA-treff så sydde eg eit par av reste-stoff etter den sista taska. Framgangsmåten var lett og forstå, men eg var litt i farten så litt feil-sying og spretting vart det. Resultatet vart eg fornøgd med og tipper at eg snart lager fleire sett. Ein veldig praktisk ting å ha for å sleppa støvlettar som ligg på golvet og verte stygge. 
Dette første paret hadde eg på førehand bestemt meg for å gje til ei god veninna. Håpar dei falt i smak og at støvlettane held seg fine.





onsdag 30. mai 2012

Buksa og hua

Endelig fekk eg satt meg ned og gjort ferdig buksa til Tomine. Matchende hua fekk ho også. Det var veldig enkelt å sy buksa, så det verte nok fleire sånne.
Nedanfor ser du ei som er klar for barnehagen ♥


Taska # 3

mandag 16. april 2012

Marius jumper

Har strikka Marius-jumper til Tomine. Den er i str 4 år og denne gongen synst eg faktisk den samsvarer med storleiken. Har ofte opplevd at det eg strikkar vert mindre enn planen. Denne modellen fant eg i Norsk småstrikk av Karen Marie Vinje. http://www.hobbyklubben.no/popup/image.asp?src=/images/articles/extralarge/67876.JPG

Jumperen har raglan-felling, noko eg synst både er kjempe fint og praktisk ved montering. Nå skal den vaskast og hengjast klar i skapet, så håpar eg at litlå veks inn i denne til neste vinter. Og jenter kan vel også ha blå variant?










mandag 26. mars 2012

Vår-huer

Nye huer vart laga på sist HA-teff og dagen etter.

lørdag 24. mars 2012

Taska # 2

Laga ei taska til Mor til ho fylte året. Tøyet her er frå eit gamalt omslagsskjørt som eg trudde hadde vore Mor sit, men det viste seg å vera fra Moster til Mor, og fadderen min. Uansett, eg synst mønsteret var kult og egna seg bra. Taska falt godt i smak og er då ei mimre-taska om Moster-Gunn :)