mandag 22. april 2013

Kjole

Sidan eg var så godt i seget så ville eg sy ein kjole som eg fant i boka "sikk sakk". Dette er ei bok med tips og idear om kva du kan sy av gamle voksen klede og tøy. Eg tok utgangspunkt i putetrekk kjole enkel kjole med knytingar på skuldrene og som kan brukast lenge.
Eg brukte eit gamalt baby- dynetrekk som oldemor til Tomine har sydd i si tid og pynta med ein blondekant nederst. Veldig enkelt. Så sydde eg ein blomst til håret av same tøy og med ei perla i midten. Kjolen vart innvia i selskap i helga og blomsten falt i smak hjå Tomine.

torsdag 18. april 2013

Jumper

Har sydd ein jumper til litlå i Jersey stoff. Vart overraska kor enkelt dette var, men måtte øva litt på enkelte saumar på den nye symaskina først. Størrelse 3 år og ser ut som den vil passa ei stund framover. Så laga eg eit par pannebånd av restane.
Modellen var i det løgna hjørna i dag.

Julegaver 2012

Laga ein del ting til jul og her er litt av det som kom under treet.
 
 Støvlett-haldarar og huer
Baby hua og tutte-snor
Huer og panneband
 
 panneband med fleecefòr.
Pulsvarmere til ei veninne.
 

torsdag 29. november 2012

Prinsesse

 
Då har me fått bildene av prinsessa vår som me tok hjå Flink foto. Vart veldig godt fornøgd og gledar meg til å lage julekort og julegaver nå.

mandag 19. november 2012

My Baby-boy!

 
 
Hentesettet til Mandius

Fluffy leggvarmarar

Då var Tomine endelig klar for 1-års bilde i ein alder av 2 år og 3mnd! Mor sitt store ønskje var eit par krøller og då måtte eg venta tålmodig. Eg strikka eit par fluffy leggvarmarar som skulle passa til antrekket, som vanleg ferdig i siste liten. Foto seansen gjekk strålande med god hjelp frå "Farfar-Jette" og nå ventar me spent på bileta. Skal legga ut eit når me får dei.



ByBente OPPSKRIFT
Garn: Dale Baby ull og Lanartus BEO.
Strømpepinner: 2.5 og 4,5

Legg opp 50 masker på pinner 2,5.
strikk 15 omg vrangbord (1 r, 1 vr) med ullgarn.

Fell jamnt til 40 masker
12 omg rettstrikk med både ullgarn og fluffygarn på pinner 4,5
6 omg vrangbord med kun ullgarn på pinner 4,5
12 omg rettstrikk med både ullgarn og fluffygarn på pinner 4,5
 6 omg vrangbord med kun ullgarn på pinner 4,5
12 omg rettstrikk med både ullgarn og fluffygarn på pinner 4,5

Auk jamnt til 56 masker med kunn ulltråd og strikk 15 omg vrangbord med pinner 2,5.
Fell av.

mandag 2. juli 2012

Neste prosjekt

Mitt neste prosjekt er ei lyseblå-kåpe til Tomine. Falt for denne som eg fant i utklipps-permen min. Denne er strikka i PT3 garn, pelsgarn og effektgarn. Har såvidt begynt, og det var igrunnen litt avansert mønster som består av både mønster og fargestriper som skal følgjast samtidig. Trur eg har funne ut korleis det funker, så får me sjå koss det utviklar seg. Ein ting er sikkert, eg bør vera minst 80% vaken når eg held på med dette, ellers så går det i surr. Så tenkjer det vil ta si tid sidan eg snart vil befinna meg djupt inni ammetåka!!