mandag 17. januar 2011

Gjennbruken

Tenkte eg skulle følgja trenden og stikka innom gjenbruken. Eg er på jakt etter tallerk-hylla som skal brukast til bok-hylla på lekerommet, sånn som eg har sett på fleire flotte bloggar. Dette er visst eit svært populært småmøbel for tida så det hadde dei ikkje inne. Derimot var det ein mann som arbeidde der som skulle skaffa meg ei ny tallerk-hylla. Han hadde fått kontakt med ein mann som laga sånne og skulle bestilla 10 stk i dag. Har skrive meg opp i ønskjeboka og venter i spenning på telefon når dei har kome.

Då eg stod i kassen fekk eg auga på eit finurleg bord som eg måtte ta ein nærmare kikk på. Det var eit sybord og same mann på gjenbruken sa at dei var kjempe populære og at dei hadde fått det inn på lordag. Eg er ikkje vanskeleg å be så eg kjøpte med meg dette bordet i håp om at kvit maling gjer underverk! I tillegg fekk eg også kjøpt med meg ein tripp-trapp stol som nettopp var komen inn og verken vaska eller prisa. Nå er den skrubba og klar til henting av bror min som var på leit etter sånn stol!

Må seia meg fornøgd med fangsten i dag og det var spennande å sjå kva dei hadde inne og eg stikker garantert tilbake!

Ingen kommentarer: