torsdag 18. august 2011

Vogn-pose

Då har eg endeleg fått sydd vogn-posen til Tomine. Kjøpte prinsesse dynetrekk på KID, sommer-dyne og fleece. Gjekk i gang med å klyppa til dynetrekket, men vart ikkje fornøgd med utsèende, ei halv prinsesse klypt av på midten! Brukte den andre sida av dynetrekket og då fekk eg ei heil prinsessa på den eina sida og ein søt sommarfugl på den andra sida. Då såg det straks litt meir planlagt ut.




Sidan eg ikkje lagar hull for selar, så er planen å byta ut sommer-dyna med dun-dyna når kuldegradene dukker opp. Så gjenstår det bare å sjå om Prinsesså mi vil sova i posen!

Ingen kommentarer: