onsdag 29. februar 2012

Barne-lampe

Den kjekke elektrikaren i huset har montert lampa på Tomine sitt rom, jippi! Eg synst den vart kjempe kul og svara til forventninga. 3 store lyspærer som gir bra med lys, sjølv om rommet er ganske stort. Skal i tillegg ha lese-lampe over senga, men den har eg ikkje funne endå. Kunne også tenkt meg sånn "figur"-nattlampe, men det er vel ikkje så lurt å byrja med nattlys om det ikkje er nødvendig?






Nå er det IKEA garderobe-skapet som står for tur samtidig med maleprosjekta. Senga er nesten ferdig, bare skuffa manglar maling. Har leita lenge etter gardin, men har ikkje funne noko passande endå. Tips mottas med takk :)

Ingen kommentarer: