onsdag 21. mars 2012

Veske

Eg kom over ei flott oppskrift på ei veske (taska) på denne bloggen




oppskrifta er veldig detaljert så det var ingen problem med å følgja med og få sydd saman. Likte formen godt.


Syster mi fylte XX antal år i mars så tenkte eg skulle overraska ho med ei særprega taska. Eg har brukt eit svart/kvitt stoff frå IKEA (tjukt og slitesterkt)og eit gamalt dynetrekk til syster mi (og som ho trulig trur er kasta). Sidan dette er første prøveprosjekt med den kjekke nye symaskina mi, så måtte eg sjølvsagt skriva ein personleg tekst på veska. Hadde diverse problem med at maskinen skreiv på vranga men etter tlf til Danmark vart dette fiksa med diverse småjusteringar av under- og overtråd og trådstraming.



Eg laga 1 stor lomme og 2 små lommer på innsida + ein hank til nøklar og diverse. Resultatet kan du sjå her, ikkje så værst?



Responsen var god og taska falt i smak. Svogeren min kjente igjen dynetrekket (før syster mi) for det hadde faktisk vore hans, og det var kun til låns! Hehe, så eg tilbydde eit enkelt dynetrekk i retur sidan dette opprinneleg var eit dobbelt. Ekstra løye var det då syster mi oppdaga at dette var det første dynetrekket ho overnatta i lag med mannen sin, hehe! Og derfor har taska fått navnet "Mimre-taskå".

Ingen kommentarer: