torsdag 24. mars 2011

Mens me venter på bhg-plass

Nå venter me i spenning på svar fra barnehagen. Kjenner at eg er ganske nervøs og bekymra for om me får plass der me har søkt. Ferie- og vidare permisjons planlegging står på vent til me får svar. Men bhg-plass er me jo garantert så ingen vits i å venta med ribbebuksa! Dei med erfaring seier at desse er knallgode å ha i barnehagen, under kjeledressen om vinteren, ute om våren osv. Trudde at dette var eit evighetsarbeid, men bjynne og sjå slutten nå. Har valgt fargestriper i garnet Silja og pinner nr 3. Størrelsen er 2 år men ser at den sikkert kan brukast før 1 år og til den ikkje passer lenger, veldig god stretch :)

mandag 7. mars 2011

Jente lue

Har endeleg fått strikka jentelua som høyrde til dette strikkesettet. Husker ikkje kva størrelse dette settet er men det passar jo allerede! Synst lua var kul og sat kjempe godt. Det er ribbestrikk innerst i kanten så då er det bra med stretch og reknar med at den passar lenge. Modellen min stilte meir enn gjerne opp for å visa koss antrekket vart :)

mandag 14. februar 2011

Baby sokker #2



Neste par ut er kvite. Dei har vanleg vrangbord med hekla musetaggar på toppen, resten av sokken er lik dei rosa. Kanskje desse passar best til gutte-babyar i staden for dei rosa med hullmønster? Fine vart dei og svisj ned i sybordet mitt :)

tirsdag 8. februar 2011

Baby sokker

Det er baby-boom i vennekretsen vår i år så det er bare til å finna fram strikkepinnana! Fant eit utklipp frå eit gamat ukeblad med 3 ulike mønster på babysokkar. Eg synst denne typen sokkar er veldig gode og bruker dei til Tomine (6mnd) endå, så det er god strekk! Første par ut er rosa.

tirsdag 25. januar 2011

Sybord

Her er sybordet eg falt for på gjenbruken. Har mala det kvit og synst det vart ganske snålt. Strikketøyet er allerede plassert :)









mandag 17. januar 2011

Gjennbruken

Tenkte eg skulle følgja trenden og stikka innom gjenbruken. Eg er på jakt etter tallerk-hylla som skal brukast til bok-hylla på lekerommet, sånn som eg har sett på fleire flotte bloggar. Dette er visst eit svært populært småmøbel for tida så det hadde dei ikkje inne. Derimot var det ein mann som arbeidde der som skulle skaffa meg ei ny tallerk-hylla. Han hadde fått kontakt med ein mann som laga sånne og skulle bestilla 10 stk i dag. Har skrive meg opp i ønskjeboka og venter i spenning på telefon når dei har kome.

Då eg stod i kassen fekk eg auga på eit finurleg bord som eg måtte ta ein nærmare kikk på. Det var eit sybord og same mann på gjenbruken sa at dei var kjempe populære og at dei hadde fått det inn på lordag. Eg er ikkje vanskeleg å be så eg kjøpte med meg dette bordet i håp om at kvit maling gjer underverk! I tillegg fekk eg også kjøpt med meg ein tripp-trapp stol som nettopp var komen inn og verken vaska eller prisa. Nå er den skrubba og klar til henting av bror min som var på leit etter sånn stol!

Må seia meg fornøgd med fangsten i dag og det var spennande å sjå kva dei hadde inne og eg stikker garantert tilbake!

lørdag 15. januar 2011

Skatoll

Då er skatollet ferdig mala og plassert. Har mala 3 strøk med eggehvit, og det vart faktisk ikkje så værst. Skuffene er fylt opp med litt sytøy, fargeblyantar, ark, kontor-rekvisita og andre nødvendige ting og tang.


Inni skatollet er det eit par snåle skuffer og hyller.


Knottane kjøpte eg på Kremmerhuset, og jepp; det er grøne prikkar!