fredag 21. oktober 2011

Hals


Nå står vinteren bokstaveligtalt for døra og det er kaldare ute. Har strikka ein god, mjuk hals til Tomine. Modellen passa godt så håpar at denne funker på kalde dager. Sydde på eit lite band der eg har strykt på navnet, ser at det er fort gjort i ein fei å gløyma klede i øst og vest! Sikkert eit kjendt problem for dei fleste småbarnsforeldre.






torsdag 18. august 2011

Vogn-pose

Då har eg endeleg fått sydd vogn-posen til Tomine. Kjøpte prinsesse dynetrekk på KID, sommer-dyne og fleece. Gjekk i gang med å klyppa til dynetrekket, men vart ikkje fornøgd med utsèende, ei halv prinsesse klypt av på midten! Brukte den andre sida av dynetrekket og då fekk eg ei heil prinsessa på den eina sida og ein søt sommarfugl på den andra sida. Då såg det straks litt meir planlagt ut.




Sidan eg ikkje lagar hull for selar, så er planen å byta ut sommer-dyna med dun-dyna når kuldegradene dukker opp. Så gjenstår det bare å sjå om Prinsesså mi vil sova i posen!

søndag 7. august 2011

Pose til bilstol

Nå som me har bytta til neste bilstol så er det på tide å levera tilbake det me har lånt av søster. Bilstolen skal nemlig snart i bruk igjen og då hadde eg lyst å kjøpa ein bilstol-pose som takk for lånet. Tenkte det kunne vera nyttig i Oslo der det lange og kalde vintrar. Etter litt surfing på nettet så endte eg heller opp med sy- oppskrift.

Sommerdyne, fleece og dynetrekk vart kjøpt på Jysk.


Først vart sommerdyna laga. Sydde kanten før eg klypte, av natulige og fjørlige årsaker.


Fleece og dynetrekk vart deretter klypt ut. Litt utfordring med fleecen som strekker seg den eine vegen, men stabil den andre vegen.


Oppe rundt opningen sydde eg løpegang til snor. Det vart jo ganske tjukt men symaskina takla dette godt.


Snorene vart klypt ut av fleece. Vurderte lenge glidelås, men sidan dette var eit prøveprosjekt så fant eg ut at det vart lettare med snorer.


Og slik vart resultatet etter 4 timar ein fredagskveld som Lakse-enke! Pose som kan brukast på begge sider. Den røde snora og hulla til selen kom omsider på plass, 30 min før søster mi stod på døra etter ein lang kjøretur frå Oslo.



Posen falt godt i smak og som du ser så verte eg tante til ein gut :=) GLEDE!!!!
Nå skal eg sy ein litt større pose til Litlå, til bruk i vogna i barnehagen. Den verte sjølvsagt ROSA!

onsdag 6. juli 2011

Hua i fleirtal

Har hive meg på hue-trenden eg også. Det har blitt over 10 stk til nå, dei fleste er gitt i gave. Stoffa har eg kjøpt hjå CeTho Design og der er det mange flotte stoff å velgja mellom. Eg synst jersey stoffa er best til huene, då dei verte strame og fine.




Eg har også laga ein baby-variant med snorer (sidan litlå riv av seg vanlege huer) og den vart me fornøgd med begge to. Skal ta bilde av den :)

onsdag 15. juni 2011

Dørskilt

Har laga meg nytt dørskilt etter idèen fra Jippijei . Mykje flott som verte laga av denne driftige damå :)


Navnelappen og papiret i vindua har eg laminert for eg skal henga dørskiltet ute. Synst dei var kjempe kule og passa perfekt nå som me treng nytt dørskilt. ( det gamla som eg laga for ørten år sidan er kassert av vèr, vind og fuglar... . )


tirsdag 24. mai 2011

Ribbe buksa

Yes! Då var både barnehage og ribbe-buksa i boks! Prøvde den på Litlå i kveld, over pysjen og med ein solid oppbrett på føtene. Buksa vil nok passa godt til hausten og me gledar oss til å ta den i bruk. Som dokke ser så har hu klart å stabla seg opp på føtene og ned i lekekassen i ein alder av 9.5mnd. I tillegg åler ho seg rundt omkring så nå er det snart vekk med dukar og stæsj som er digg for små barnefingrar. Tann #2 kom i dag, au-au.

fredag 20. mai 2011

Bluse med puffermer

Prøver meg på ein bluse fra boka Barn igjen. Kjempe lenge sidan eg har sydd så det verte litt prøving og feiling. Heldigvis har eg symaskin-sertifikat, så det er bare til å gje gass! Manglar bare skråband (som eg har laga sjølv) og strikk i hals og ermar. Symaskinen min som er over 10 år gamal (Bernette) er veldig enkel så eg er litt sugen på ein litt meir nymotens maskin som lagar finare saumar og lettar arbeidet. Nokon anbefalingar?