onsdag 29. februar 2012

Barne-lampe

Den kjekke elektrikaren i huset har montert lampa på Tomine sitt rom, jippi! Eg synst den vart kjempe kul og svara til forventninga. 3 store lyspærer som gir bra med lys, sjølv om rommet er ganske stort. Skal i tillegg ha lese-lampe over senga, men den har eg ikkje funne endå. Kunne også tenkt meg sånn "figur"-nattlampe, men det er vel ikkje så lurt å byrja med nattlys om det ikkje er nødvendig?






Nå er det IKEA garderobe-skapet som står for tur samtidig med maleprosjekta. Senga er nesten ferdig, bare skuffa manglar maling. Har leita lenge etter gardin, men har ikkje funne noko passande endå. Tips mottas med takk :)

søndag 19. februar 2012

Prosjekt barnarom

Endeleg er me så smått i gang med rommet til Tomine. Har vore tiltak å byrja men nå er taket og vindua mala kvitt. Då me bygde så var det tvilsomt malt huntonitt-panel på markedet, noko som hadde spart oss for MØJE arbeid sidan me nå vil ha det mesta kvitt og ikkje panelfarga.
Eg har brukt kvistlakk og 3 strøk med Infra Sperregrunning. Dette er igrunnen ei grunningsmaling men han på butikken tipsa oss om å ta i farge (eggekvit) så trong ein ikkje anna maling til toppstrøk. Malinga er passe matt/blank så heilt perfekt!


Den gamla senga mi på bildet skal malast kvit og tas i bruk nå. Tomine hoppar ut av sprinkelsenga og forlanger å sova i stor seng. Det har gått greit til nå så trur hu er gamal nok til stor seng og stor dyna.



Kjøpmannsdisken kjøpte eg for mange herrens år sidan. Den skal eg også mala kvit og ha i loftstova til kontorting og skrivesaker.

Rommet er ganske stort så det skal ikkje stå om plassmangel. Har nokre planar og idear om korleis det skal verta, men som vanlig Ting Tar Tid! Har bestilt kul lampe frå Oslo som me venter på. Ellers så må eg snart til Ikea og få heim garderobe.


Den nye symaskina mi syr for tida på vranga så den må fiksast fort og gale. Det verte ein del syprosjekt både til meg og Tomine, klær og interiør :)

torsdag 29. desember 2011

Julegave til "Lillebror" i Oslo

Laga ein klut til "Lillebror" i Oslo. Hadde tidligare planar om å laga ein til Tomine men ho digger Pinguen sin best av alt så tenkjer hu er fornøgd med den :)












lørdag 29. oktober 2011

baby boy


Ikkje lenge før eg verte Mosti igjen og det gleder eg meg masse til. Søstera mi fortalte kva hu hadde pakka i bagen og då fant eg ut at hu mangla blå sokkar! Det vart ordna i ein fei og sendt til Oslo ASAP. Då ønskjer eg bare lykke til og venter spent på Lillebror :) Flybillettar er bestilt for lenge sidan så eg reiser 2 veker etter termin!!


fredag 21. oktober 2011

Hals


Nå står vinteren bokstaveligtalt for døra og det er kaldare ute. Har strikka ein god, mjuk hals til Tomine. Modellen passa godt så håpar at denne funker på kalde dager. Sydde på eit lite band der eg har strykt på navnet, ser at det er fort gjort i ein fei å gløyma klede i øst og vest! Sikkert eit kjendt problem for dei fleste småbarnsforeldre.






torsdag 18. august 2011

Vogn-pose

Då har eg endeleg fått sydd vogn-posen til Tomine. Kjøpte prinsesse dynetrekk på KID, sommer-dyne og fleece. Gjekk i gang med å klyppa til dynetrekket, men vart ikkje fornøgd med utsèende, ei halv prinsesse klypt av på midten! Brukte den andre sida av dynetrekket og då fekk eg ei heil prinsessa på den eina sida og ein søt sommarfugl på den andra sida. Då såg det straks litt meir planlagt ut.




Sidan eg ikkje lagar hull for selar, så er planen å byta ut sommer-dyna med dun-dyna når kuldegradene dukker opp. Så gjenstår det bare å sjå om Prinsesså mi vil sova i posen!

søndag 7. august 2011

Pose til bilstol

Nå som me har bytta til neste bilstol så er det på tide å levera tilbake det me har lånt av søster. Bilstolen skal nemlig snart i bruk igjen og då hadde eg lyst å kjøpa ein bilstol-pose som takk for lånet. Tenkte det kunne vera nyttig i Oslo der det lange og kalde vintrar. Etter litt surfing på nettet så endte eg heller opp med sy- oppskrift.

Sommerdyne, fleece og dynetrekk vart kjøpt på Jysk.


Først vart sommerdyna laga. Sydde kanten før eg klypte, av natulige og fjørlige årsaker.


Fleece og dynetrekk vart deretter klypt ut. Litt utfordring med fleecen som strekker seg den eine vegen, men stabil den andre vegen.


Oppe rundt opningen sydde eg løpegang til snor. Det vart jo ganske tjukt men symaskina takla dette godt.


Snorene vart klypt ut av fleece. Vurderte lenge glidelås, men sidan dette var eit prøveprosjekt så fant eg ut at det vart lettare med snorer.


Og slik vart resultatet etter 4 timar ein fredagskveld som Lakse-enke! Pose som kan brukast på begge sider. Den røde snora og hulla til selen kom omsider på plass, 30 min før søster mi stod på døra etter ein lang kjøretur frå Oslo.



Posen falt godt i smak og som du ser så verte eg tante til ein gut :=) GLEDE!!!!
Nå skal eg sy ein litt større pose til Litlå, til bruk i vogna i barnehagen. Den verte sjølvsagt ROSA!